Ålvik Rock si historie
Ålvik Rock – arrangør av rockefestival og konserter. Kom og opplev industribygda i Hardanger med smelteverk, arbeidarklasse metall, "Heavy Metal", rural natur, høge fjell og den vakre Hardangerfjorden!
På programmet tilbyr me alt frå bluesrock til metall. At Ålvik har vore kalla "Smoke City" (industrirøykens teppe over bygda) og rockebygda i Hardanger er ikkje utan grunn! Rocken har alltid hatt godt fotfeste her og har fostra opp gode lokale band.
Me tilbyr ei fin oppleving, god stemning, bra musikk, samt ein god gammal bygdafest på kjøpet! Me vil hedra og fremja rocken og kulturen. Der fjord og fjell møter rocken, er Ålvik Rock noko av eit tilbod ein ikkje finn liknande av i Hardanger. Ålvik har alltid vore ”rockebygda” i Kvam, her kan du oppleva bygda og få ei god oppleving du seint vil gløyma!
HISTORIE
Ålvik Rock 2020
Ålvik Rock 2017
Ålvik Rock 2010